Midt på treet-bøker

Eg tykkjer sjølv at eg er flink til å plukka ut bøker som passar til meg sjølv. Eg les nesten alltid bøker som eg på førehand trur er gode. Og vanlegvis er eg godt nøgd med bøkene; det vert mest terningkast 4. Dei som er ekstra gode får ein femmar på terningen og innimellom les eg bøker som er heilt fantastiske og som fortener toppkarakter seks.

Men no må eg visst skjerpa meg: Den siste månaden har eg lese heile fire bøker som eg ikkje er meir enn passe nøgd med. Ingen av dei er direkte dårlege, men av ulike årsaker passa dei ikkje for meg akkurat no.

Agnes i senga av Heidi Linde har eg omtalt og der prøvd å forklara kvifor eg vurderer boka til terningkast 3. I utgangspunktet likar eg ikkje så godt såkalla feelgoodbøker eller chic-lit, - sjangeren er feil for ein så uromantisk person som meg. Men eg har lese bøker av denne typen som har vore svært bra, så eg prøver meg nok igjen seinare med noko "føleri".

Ikkje alt er like leseverdig innan krim og spenning-sjangeren heller. Det vert kanskje utgitt for mange bøker av denne typen? Så mange at krimmen vert utvatna? Marknaden for slike bøker er vel ikkje heilt umetteleg. Eller er eg som lesar blitt for kresen?

Sidsel Dalen si bok debutbok Dødelige dråper har fått brukbare kritikkar og omhandlar m.a. viktige tema som miljøkriminalitet og korrupsjon. Dette er ei bok som truleg fungerar betre i papirform enn som lydbok. Opplesar Line Verndal er for teatralsk og les for sakte etter min smak. Hovudgrunnen til den låge karakteren frå meg når det gjeld denne boka, er den heller dårlege opplesinga.

Askepott er den fyrste boka i ein serie som Kristina Ohlsson har skrive. Den tredje og førebels siste boka i serien, Englevaktene, kom ut ifjor og eg merka meg at den fekk strålande kritikkar. Difor starta eg altså på bok nummer ein i serien, - men truleg hadde eg for høge forventningar; boka er så treg i byrjinga at eg ikkje klarde å halda på konsentrasjonen - trass i at temaet var gripande nok.
Det vart altfor mykje fokus på etterforskarane sitt tidlegare og noverande privatliv, - noko som kan forklarast med at forfattaren ønskjer å gje ein skikkeleg presentasjon av hovudpersonane sine frå starten av. For meg fungerer det betre når slik informasjon vert "porsjonert ut".

Eg kjem truleg til å lesa dei to neste bøkene i serien.

Evig skal døden vera er debutboka til krimforfattarparet Kolden & Kroken og er grei nok, men litt rotete og uferdig med for mange lause trådar.
Oppfølgingsboka Døden kjem med bussen er betre.

 

 

Én kommentar

anette

16.04.2013 kl.10:16

Ikke alltid man treffer, men man må bare stå på, så dukker bokperlene opp etterhvert :)

Skriv en ny kommentar

beroene

beroene

52, Luster

Bok åleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nasen i kokeboka.

Kategorier

Arkiv

hits