Bokomtale: Døden kjem med bussen av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden

Samlaget 2013
252 sider
Meldareksemplar fått frå forlaget

Forfattarduoen Kroken & Kolden frå Lom er attende med ei ny krimbok. For to år sidan gav dei ut Evig skal døden vera og no i mars kom Døden kjem med bussen. Eg las begge bøkene i påskehelga, men omtalar her kun den siste. 

Handlinga er lagt til Lom, Vågå, Ottadalen og Bøverdalen. Me er m.a. innom Nordal og Fossberg, Coopen og Esso-stasjonen, - det lett å kjenna seg att om ein har kjennskap til lokalsamfunnet. Det gjer boka sjarmerande og som lesar får ein nærleik til historia som vert fortald. 

Forfattarane skriv lett og greitt, og er altså svært gode på miljøskildringane. Når det gjeld personskildringane derimot, har forfattarane ein del å gå på. Her er ingen djupe psykologiske analysar, - og det kan heller ikkje forventast. Men personane er for enkle og trauste, nesten karikerte, samstundes som persongalleriet er lite oversiktleg. 


Dramatikken i boka startar på Nordfjordekspressen - bussen som går frå Oslo til Måløy - og som har sin vanlege stogg i Kvam. Ein av passasjerane drikk ein kaffikopp på kroa, og når bussen kjem til Vågå sit mannen død i setet sitt. Etter kvart skjer fleire mystiske dødsfall og andre besynderlege hendingar. Lensmannsbetjent Jørgen Vold og lensmann Sylfest Seljestad får travle dagar med etterforsking, gransking og avhøyr. 

Sjølv om det (naturleg nok i ei krimbok) handlar ein del om død og vald i Døden kjem med bussen, har forfattarane ein ledig stil og litt underfundig humor. Dei har også skrive seg sjølve inn i handlinga, - det var eit sjelden og morosamt grep. For røynde krimlesarar er nok boka for enkel og for langsam. Handlinga manglar ein del driv og spenninga er berre tidvis til stades. Likevel vil eg anbefala boka om du er ute etter ei lettlest og grei krimbok.

Det er gledeleg å sjå at nynorsk vert nytta innan krimsjangeren. Nynorsk kan faktisk brukast til det meste, - ikkje berre poesi og høgprosa.

Så kjære Kroken & Kolden, hald fram med å skriva. God nynorsk krim er det for lite av.

Takk til Samlaget for meldareksemplar.

3 kommentarer

Artemisia

04.04.2013 kl.22:01

Fin omtale . Jeg synes boka var mer morsom enn spennende, men verdt å få med seg, tross alt.

Ukjent terreng - Aina

04.04.2013 kl.22:02

Spennande - har ikkje høyrt om desse bøkene tidlegare og vil føre dei opp på den kilometerlange lista. Du har vel fått med deg ei eller fleire av bøkene til Rune Timberlid? Ha ein fin kveld vidare :-)

beroene

04.04.2013 kl.22:07

Artemisia: Enig, boka er heilt grei.
Ukjent terreng: Rune Timberlid kjenner eg godt til. Ser fram til neste bok med Rolf Randen i hovudrolla!

Skriv en ny kommentar

beroene

beroene

52, Luster

Bok åleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nasen i kokeboka.

Kategorier

Arkiv

hits