Bokomtale: Sandmannen av Lars Kepler


Cappelen Damm 2012
Lydbok (Ordflyt)
Opplesar: Ivar Nergaard
Oversetjar: Henning J. Gundersen
Speletid: 11:05

Den fjerde boka som Alexander Ahndoril og Alexandra Coelho Ahndoril har gitt ut under pseudonymet Lars Kepler er ein skremmande bra kriminalroman. Serien om kriminalinspektør Joona Linna når nye høgder, - men det er den sadistiske seriemordaren Jurek Walter som dominerer handlinga i denne boka.

Sandmannen er ein thriller med ein lite truverdig superskurk, med nokre lite truverdige superpolitifolk og med lite truverdige brotsverk. Her er bestialitetar, mord, galskap, vald og faenskap. Her er plott hinsides all fornuft og forstand. Men likevel! - det er ei bok som ein vert fullstendig bergteken av. Det er den sterkaste og mest intense leseopplevinga eg har hatt på lenge. Eg er enig med Tine når ho seier at terningen skulle hatt fleire enn seks prikkar!


Sandmannen er svært langt frå den klassiske svenske sosialrealistiske politikrimmen. Kepler-paret har nok andre inspirasjonskjelder enn Sjöwall og Wahlöö. Eg får assosiasjonar til Hannibal Lecter når det gjeld den uhyggelege psykopaten Jurek Walter og til Lisbeth Salander når det gjeld den kvinnelege kollegaen til Joona Linna, Saga Bauer. Vidare er forfattarane tydeleg inspirert av ymse skrekk- og spenningsfilmar, med hurtige sceneskift, cliffhangers og høgt tempo.

Me veit frå forrige bok, Ildvitnet, at familien til Joona Linna lever i skjul etter truslar frå Jurek Walter. Sidan Joona Linna arresterte Walter for tretten år sidan, har sistnemnde vore innesperra på rettspsykiatrisk avdeling. Linna har i alle år vore overtydd om at Walter har hatt ein medhjelpar, men han har vore åleine om denne teorien. Så skjer det noko som snur opp ned på alt som politiet har trudd: Ein ung mann vert funnen i ein forkommen tilstand. Det viser seg at mannen, som vart erklært død for mange år sidan, er ein av dei to siste ofra til Walter. Kvar har han vore? Kven er "Sandmannen" - som har halde han og søstera hans innesperra i så mange år? Er søstera i live enno? Korleis kan Walter, fullstendig isolert som han er, kommunisera med nokon utanfor institusjonen?

Saka med det bortførte søskenparet lyt takast opp att, og Saga Bauer går undercover for å få kontakt med Jurek Walter. Skildringa av Saga sitt opphald på den psykiatriske institusjonen er klaustrofobisk og sterk. 

Enkelte deler av boka er ulogiske og har scener som er mildt sagt usannsynlege. Det har lite å seia for leseopplevinga, men det kan vera greitt å vera klar over på førehand at Sandmannen ikkje er særleg realistisk. Personskildringane er derimot fine; både hovud- og bipersonar virkar "ekte" og har tilnærma "ekte liv."

Lars Kepler har enno ein gong levert ei strålande og grøssande bok. Sandmannen er uhyggeleg godt komponert og har ekstremt høg "sidevendarfaktor". Frå fyrste side er spenninga der, og det er umuleg å slappa av før siste side er lest. Slutten er høgdramatisk og langvarig; lesaren trur at løysinga er nært foreståande, - men så kjem forfattarane med nye overraskingar, - og handlinga får ein ny vri. Når siste side er lest, er ingen trådar lause; i epilogen får alt ein oppklaring og forklaring - samstundes som det vert opna for ein oppfølgjar. 

Å lesa Sandmannen som lydbok er ei intens oppleving (Ein vert gjerne gåande med vilt blikk og nervøse rykningar medan ein lyttar, så eventuelle familiemedlemer vert kanskje litt urolege). Ivar Nergaard er kjempegod, som alltid.

Sandmannen kan godt lesast som ein frittståande roman, men det er ein fordel å lesa bøkene i serien kronologisk.

  1. Hypnotisøren
  2. Paganinikontrakten
  3. Ildvitnet
  4. Sandmannen 

4 kommentarer

anette

08.04.2013 kl.22:57

Knallbra bokomtale - grøsser på ryggen bare av å lese den ;)

Tones bokmerke

09.04.2013 kl.06:57

Flott omtale. Har hørt så mange godord om forfatterne og så reportasjen om dem i Bokprogrammet. Men om jeg leser de er en annen sak. Akkurat nå føler jeg at jeg ikke orker mer spenning enn det er å lese Ole Brum gir. Hverdagens små og store spenningsmomenter er veldig energikrevende i disse dager.

beroene

09.04.2013 kl.07:49

Anette: Takk :)
Tones bokmerke: Alt til si tid. Ein treng ulike bøker til ulike faser av livet.

vestfoldgirl

04.08.2013 kl.13:29

Jeg synes ikke alltid det er så viktig at bøkene er realistiske. Det er det som gjør den så utrolig spennende!! Dette er hans beste bok så langt, og jeg gleder meg veldig til fortsettelsen!

Skriv en ny kommentar

beroene

beroene

52, Luster

Bok åleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nasen i kokeboka.

Kategorier

Arkiv

hits