Klassiske påskekrimtips

For meg er påskekrim klassisk krim av whodunnit-typen, gjerne i Agatha Christie-stil. Det vil seie puslekrim; ei mordgåte, ein intellektuell leik der forfattaren utfordrar lesaren til å avsløra mordaren/forbrytaren før forfattaren sin hovudperson finn ut av løysinga. Elles i året les eg helst nyare, meir hardbarka og actionfylte krimbøker, men puslekrim passar betre framfor peiselden på hytta, tykkjer eg.

Med "klassisk krim" meiner eg nærare bestemt dei klassiske detektivforteljingane av britisk tradisjon. (I motsetnad til den amerikanske tradisjonen, som er forteljingane om "den hardkokte privatdetektiven", f.eks. Raymond Chandler - som skapte Philip Marlowe, - eller Gunnar Staalesen sin Varg Veum, for å ta eit nyare og nærare eksempel).

Agatha Christie er i ein klasse for seg, så produktiv som ho var. Ti små negerbarn, Mord på Orientekspressen og Doktoren mister en pasient er geniale og har overraskande og utfordrande plott. Både Hercule Poirot og Miss Marple har sine tilhengarar, - sjølv er eg veldig svak for den belgiske herremannen. Dorothy Sayers og hennar figur Lord Peter Wimsey er eit anna klassisk krimlitterært alternativ. Sir Arthur Conan Doyle, opphavet til Sherlock Holmes, bør alle krimelskarar kjenna til. Klassikaren Hunden fra Baskerville er fin, om du likar litt grøssande påskestemning. 

John Dickson Carr (Carter Dickson) og Ellery Queen var amerikanske krimforfattarar, men begge heldt seg innan den britiske krimtradisjonen. Har du ikkje lese Sort messe av John Dickson Carr tidlegare, kan du bruka påsken til å lesa denne framifrå krimklassikaren. 



Av nyare dato, og innan ein sjanger som kan kallast "klassisk politikrim", finn ein Colin Dexter sine romanar om Inspektør Morse og P. D. James sine bøker med Adam Dalgliesh i hovudrolla. Begge er velkjende gjennom dei mange TV-seriane. Bøkene er sjølvsagt betre enn filmatiseringane. Vil spesielt anbefala Intriger og begjær og Det svarte fyret. Her vert òg lesaren utfordra til å finna løysing på mysteria, - men som oftast vert ein overraska på slutten. I same gate er amerikanske Elizabeth George, bøkene hennar om Lynley og Havers er erkebritiske og klassiske i stil og innhald.

Norske klassiske krimromanar som kan høva å ta med i påskesekken, er De dødes tjern av Bernhard Borge (Andre Bjerke) og Jernvognen av Stein Riverton (Sven Elvestad). Eg trur ein kan lesa De dødes tjern kvar påske, - og verta like skremd kvar gong! 



Hans Olav Lahlum sine "retrokrimbøker" er òg puslekrim av den klassiske typen. Lahlum har Christie og Conan Doyle som inspirasjonskjelder og føredøme.

Det er interessant og nyttig å lesa om at etterforsking og oppklaring av brotsverk før i tida skjedde utan hjelp av epost, internett og mobiltelefonar!

**********************

Er du ute etter tips når det gjeld nye krimbøker, finn du mange gode forslag i hos Bokelskerinnen.

I påsken skal eg m.a. lesa ny nynorsk krim etter den klassiske whodunnit-modellen: Evig skal døden vera og Døden kjem med bussen av Kolden og Kroken. Eg har også funne fram Barneselskapet av Agatha Christie.

Ha ein fin påske alle saman, med klassisk krim, kosekrim, ny krim, gammal krim, splatterkrim, TV-krim - eller heilt utan krim. 

Én kommentar

Ukjent terreng - Aina

22.03.2013 kl.23:26

Har lese lite Agatha Christie men har etterkvart samla dei fleste Poirot og Miss Marple på DVD. Med min "teflonhjerne" går det fint å sjå dei fleire gongar. Jernvognen og De dødes tjern i NRK radioteater utgåve er veldig bra. God krimpåske :-)

Skriv en ny kommentar

beroene

beroene

52, Luster

Bok åleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nasen i kokeboka.

Kategorier

Arkiv

hits