Bokomtale: Marco-effekten av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Helge Winther-Larssen
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson, Øyvind Reisegg
Speletid: 17:43:48
Lydfil fått frå Lydbokforlaget 

Assad serverer stadig parfyrmert te og kamelhistoriar. Rose er like fandenivoldsk som tidlegare. Carl Mørck er sarkastisk, ironisk og hissig som før, men me får òg oppleva ei anna og svakare side av han. Femte bok i serien om Avdeling Q gir oss eit gledeleg gjensyn med den pussige vesle politiavdelinga som held til i kjellaren under Politigården i København.

Dei tre etterforskarane i teamet vert meir og meir samansveisa. På kvar sin måte er dei sære og spesielle, men utruleg dyktige og empatiske. Sjølvsagt er Carl, Assad og Rose framstilt på ein noko karikert måte, men dei har dette gode og menneskelege ved seg som gjer at ein rett og slett blir glad i karakterane. Det vert avslørt litt meir når det gjeld Assad sin bakgrunn, men fortsatt er me usikre på kva dette hemmelege ved Assad er.

Adler-Olsen er fabelaktig når det gjeld spenningsoppbygging. Bøkene hans om Avdeling Q er meisterleg komponerte ved at lesaren får presentert fleire parallelle historiar som avløyser kvarandre. Dei ulike historiane og forteljar-stemmene kastar lys over ting som har skjedd i fortida og flettar seg inn i kvarandre. I notid vert mysteriet/ mysteria oppklara. I Marco-effekten er den same "oppskrifta" nytta.

I boka møter me mange ulike menneske frå mange svært forskjellige miljø. Me vert kjende med folk som lever på botn og utanfor samfunnet, og andre folk som svevar rundt på den absolutte toppen. Det handlar om folk i sentrale toppstillingar som utnyttar andre menneske på dei mest brutale måtar. Det handlar om ulike brotsverk; korrupsjon, svindel, utpressing, forfølging, vald og drap. Internasjonal finanskrise, mistenkelege u-hjelpsprosjekt og afrikanske barnesoldatar er andre "ingrediensar" i handlinga.

Men fyrst og fremst handlar Marco-effekten om Marco. Den statslause og papirlause Marco. Den intelligente og snarrådige Marco. Den einsame og venelause Marco.

Marco er av ukjend herkomst og høyrer til ein utanlandsk klan som livnærer seg med tigging, tjuveri og anna kriminell verksemd. Klanen vert leia av den hippieaktige og kvasireligiøse Zola, som er ein av dei ondaste og mest kyniske skikkelsane eg har støtt på i ei bok! Når Marco får greie på at Zola har planar om å invalidisera han - eit synleg handikap skal gjera han til ein meir effektiv tiggar - rømmer Marco frå klanen. Under flukta oppdagar Marco noko som fører til ein kjedereaksjon av dramatiske og voldsomme hendingar. Motivet er klart: Pengar. Pengar og grådigheit som får enkelte folk til å handla - fullstendig utan skruplar.

Gradvis vert òg Avdeling Q involvert i saka. Heilt sentralt i handlinga er skildringa av korleis Marco klarar å overleva i København og korleis han klarar å halda seg i skjul frå dei som er etter han. Forfattaren skildrar dette så levande at ein vert reint andpusten når ein les, og i jakta på Marco vert det brukt alle tenkjelege middel. Også Avdeling Q er interesserte i å få tak i Marco, men korleis kan Marco få vita at politiet vil hjelpa han?

Marco sin lagnad er rystande lesing og gjer eit djupt inntrykk, - men ein kan kanskje innvenda at Marco er for god til å vera sann, for reflektert og moden til å vera 15 år - og dermed ein for lite truverdig person.

Boka er lang; papirutgåva er på 558 sider, lydbokversjonen på nesten 18 timar, - så boka kunne godt vore meir "oppstramma". Til dømes har ei sidehistorie om ei død kvinne i ein båt og muleg tilhøyrande forsikringssvindel ingenting med handlingane elles i boka å gjera - så den kunne rett og slett vore kutta ut.

Likevel har eg kosa meg gjennom alle timane med lytting. Eg er fullstendig klar over at det vert lenge å venta til neste bok i serien, så eg har slett ikkje "nilytta". Eg har prøvd å porsjonera leseopplevinga og har brukt over ei veke på Carl & co. denne gongen. Marco-effekten er veldig lettlest, sjølv det er mange personar og situasjonar å halda styr på. Det er egentleg eit must å lesa bøkene i kronologisk rekkefølge, elles får ein ikkje med seg samanhengen og dei raude trådane.

Eg likar veldig godt at Jussi Adler-Olsen brukar den lune humoren og den personlege indignasjonen sin som eit effektivt verkemiddel for samfunnskritikk i bøkene sine. Her er Adler-Olsen på høgde med dei svenske krimforfattarane Håkan Nesser og Arne Dahl.

Eg har "lest" alle bøkene i serien som lydbøker, og det kjem eg til å halda fram med. Helge Winther-Larssen les bokserien på ein framifrå måte. Måten han framfører rollene som Assad og Carl på, er spesielt bra, - og til tider hysterisk morosamt.

Marco-effekten er ikkje den beste boka i serien (for meg er det er stadig Flaskepost fra P), men er fullt på høgde med dei som etter mi meining er dei "nest beste"; Kvinnen i buretFasandreperne og Journal 64. Terningkastet syner fem prikkar, det vil seie at dette er ei svært bra og lesverdig bok.

Eg hadde store forventningar til boka. Det er difor gledeleg å få stadfesta at Jussi har levert varene denne gongen også.

Stor takk til Lydbokforlaget som sende meg gratis lydfil.

6 kommentarer

Tine

14.03.2013 kl.19:31

Fin anmeldelse du har skrevet. Jeg pleier ikke orke å skrive inngående om handlingen i bøker, for det er det så mange andre som er mye bedre til enn meg. Linker nok til deg, når jeg skal skrive blogginnlegg om boken. Jeg liker den godt, selv om jeg synes Marco og Carl & co godt kan møtes snart :)

beroene

14.03.2013 kl.21:12

Tine: Vel - denne omtalen vart som boka; litt for lang. Men i dette tilfellet hadde eg så mykje på hjartet og valde å skriva litt omfattande.
Det er stas å bli lenka til! :-)
Skal bli interessant å lesa om korleis di leseoppleving av Marco-effekten har vore.

Berit

15.03.2013 kl.17:18

Jeg har akkurat lånt Flaskepost fra P og Fasandreperne, så da er det vel bare å glede seg, er det ikke? De skal få bli med på påsketur, så den obligatoriske dosen med krim er sikra ;o)

anette

18.03.2013 kl.12:23

Flott bokomtale! Jeg syns boka var akkurat passe lang, og venter nå spent på neste bok ;)

Bokelskerinnen

18.03.2013 kl.21:24

jeg gleder meg skikkelig til å lese denne. Har fortsatt Journal 64 på vent, og synes det er fint å vite at jeg har to bøker av Adler-Olsen å glede meg til. Er veldig glad i bøkene hans.

Vestfoldgirl

19.02.2014 kl.22:53

Det var en bra og spennende bok....litt i lengste laget kanskje. Jeg liker spesielt forholdet mellom Carl og Assad, der er det mange morsomme replikker og dialoger!

Skriv en ny kommentar

hits