Bokomtale: Magellans kors av Roar Sørensen


Juritzen forlag 2009
381 sider
Lånt på biblioteket

Denne boka og denne forfattaren kjende eg ikkje til frå før, men sidan både Tine, ÅslaugGeir og Beathe har blogga om boka, fekk eg lyst til å lesa ho. Når ein er så lettpåvirkeleg som meg, er det greitt å ikkje ha for fastspikra leseplanar. Takk for tips!

Hovudpersonen Stingo kunne vore ein ukjend fetter av Harry Hole. Ein skulle i alle fall tru at det var eit slektskapsforhold mellom dei, og i byrjinga var eg rimeleg overtydd om at Roar Sørensen var inspirert av Jo Nesbø sin (etter kvart) slitne helt. Men i eit intervju med Bokelskerinnen i dag seier Sørensen at han aldri har lese noko av Nesbø. Dei nemnde likskapane mellom Stingo og Harry er altså tilfeldige.

Når me møter Stein Inge Olsen, altså Stingo, i starten av denne fyrste boka, er han i ein elendig forfatning. Han har flytta til Filippinene etter at både ekteskap og politikarriere har havarert. Deprimert og rusa prøver han for n'te gong å ta livet sitt. Han bur i eit "rottereir", i lag med - nettopp - ei rotte, som heiter Hannibal! - samt fleire andre namngjevne dyr. Regnet ausar ned, lyn flerrar himmelen, og Hannibal går i rottefella. Det er kort sagt så fælt at det er komisk. Men det skal bli enno verre: han vert avbroten i sjølvmordforsøket sitt når klubbvertinna Whisky(!) dukkar opp. Whisky har "noko" i veska si som er både viktig og farleg, og søkjer tilflukt hjå Stingo. Det går ikkje bra. 

Slik er opptakten til ei actionfylt forteljing med snert i. Tempoet er høgt heile vegen, og det fører til at boka vert både lettlest og fortlest. Miljøet er uvant, interessant og eksotisk. Sørensen flettar inn skildringar av det filippinske samfunnet som virkar autentiske. Det handlar om korrupte politikarar og politifolk, kinesisk mafia, agentar og dobbeltagentar, fattigdom og narkotikahandel, slum og jungel.

Magellans kors er ei underhaldande, spennande og samfunnskritisk bok, men eg tykkjer det er for mange personar, bipersonar og framande stadnamn å halda styr på. Stingo er ein anti-helt som likevel er sjarmerande og sympatisk. Han er modig og smart som MacGyver og heldig og ironisk som James Bond. Og like alkoholisert og velmeinande som "fetter" Harry Hole.

Språket i boka er barskt og kler hovudpersonen. Sjølv om handlinga ikkje er særleg truverdig (ein norsk suicidal ekspolitimann i kamp mot eit heilt korrupt samfunn..!?!) er det mykje realisme og aktuell tematikk i boka. Og - må ei bok vera truverdig for å vera god? Eg meiner nei. 

Plottet er innfløkt og overraskande, men forfattaren samlar dei fleste lause trådane saman til slutt. Neste bok om Stingo er i desse dagar på veg ut og har tittelen Smertens Aveny. Den skal så klart lesast.

4 kommentarer

Tine

01.03.2013 kl.19:20

Det er ingen krim for pingler dette han skriver, og med tanke på at forholdene på Filippinene sikkert er sånn som han beskriver, er det tøff lesning.

Har i kveld kost meg noen timer med Smertens aveny, og gleder meg til å fortsette. Takk for at du nevnte meg :)

Anette

01.03.2013 kl.19:22

Flott bokomtale :) Har spekulert litt på å lese boken, men har så mange på vent, så det blir nok en stund til :)

Artemisia

01.03.2013 kl.23:42

Du, som de andre, nevner som minus for omfattende persongalleri. Ellers er det andre elemenetr som taler for at jeg vil lese boka en dag. Regner med at Roar skriver det som det er, (men det er selvsagt fiction likevel) uten å legge noe mellom-- han har levd lenge der nede, og det er en annen mer hardcore verden enn her hjemme i gamlelandet.

BRa omtale Berit..)

Beathe

05.03.2013 kl.11:15

Flott omtale Berit!:-) Har ikke lest noe av Nesbø ennå så jeg blir jo mer og mer nysgjerrig på den godeste Harry Hole!

Skriv en ny kommentar

hits