Bokomtale: De sørgende av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Ivar Nergaard
Originaltittel: Styckerskan från Lilla Burma
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson 
Speletid: 10:39:29 
Lydfil kjøpt frå Lydbokforlaget 

Barbarottikvintetten er fullført med stil. 

Det var med stor forventning eg lasta ned lydfila med den nye og avsluttande boka i Barbarotti-serien. Ein forventar alltid ei stor leseoppleving når ein startar på ei ny Håkan Nesser-bok. Nesser skriv betre enn dei fleste, han skildrar både folk og kjensler på ein spesielt innlevande og truverdig måte.

Dei fyrste sidene i Håkan Nessers nye kriminalroman De sørgende skildrar den morgonen då alt vert endra for politiinspektør Gunnar Barbarotti. Han vaknar attmed si kjære Marianne, som ligg der - kald, stille og død.

Barbarotti vert slått ut av sorg. Samstundes har han ansvaret for dei fem borna deira, - og han veit at livet trass alt gå vidare. Den djupe sorga og sorgarbeidet går som ein raud tråd gjennom boka. Handlinga er meir filosofisk og melankolsk enn dei føregåande bøkene i serien.

Når Barbarotti vender tilbake til arbeidet sitt, vert han tildelt ei gammal sak, ei cold case. Barbarotti ser på saka meir som arbeidsutprøving enn skikkeleg politiarbeid, men saka viser seg å vera utfordrande - og samstundes opplever han at han er på rett veg m.o.t. den personlege sorga han lever med.

Den gamle saka handlar om ein mann som forsvann sporlaust for fem år sidan. Sambuaren til denne mannen var "parterersken" Ellen Bjarnebo, som sona 11 år i fengsel for mordet på den fyrste mannen sin. Mannen vart funnen partert, gøymd fleire plassar i skogen like ved garden dei budde på, Lilla Burma. Kan dette parteringsdrapet ha samanheng med forsvinninga fleire år seinare? Korleis? Kven er denne parterersken, kva gjorde at ho vart ein mordar? Kvifor vil ikkje Ellen snakka med Barbarotti? Kvar vart det av sambuaren? Barbarotti og kollegaen Eva Backman har mange spørsmål som krev svar.

Hovudperson nummer to i De sørgende er altså Ellen Bjarnebo. Parallellt med at lesaren følgjer Barbarotti i hans arbeid med å nøsta opp i dei gamle sakene, let Nesser Ellen Bjarnebo fortelja si historie. Her handlar det om heller mørke skildringar og om fleire triste liv, om løgner og fortiingar som ingen nokon gong får greie på. Men Barbarotti nærmar seg sanninga..

Sjølv om noko av historia i boka handlar om eit parteringsdrap, er det lite blod og bestialitetar i handlinga. Dei uhyggelege sakene vert ikkje kommentert i detalj. (Her er t.d. inga nærgåande skildring frå obduksjonar, som ofte er eit skrekk og gru-element andre krimforfattarar nyttar.) For den ytre dramatikken fortel Nesser lite om, han legg meir vekt på motiv og bakgrunner. Barbarotti arbeider som om han finn fram skjulte brikker i eit puslespel; slik prøver han å få svar på kven, korleis og kvifor.

I likskap med den forrige boka i serien, De ensomme, er De sørgende ei lågmælt krimbok. Språket er sirlig, med ein del gamaldagse ord og uttrykk, - eg reknar med at dette ikkje er oversetjaren sitt språk, men forfattaren sitt. Boka er elles lettlest og skriven i eit "godmodig" tonefall og den milde ironien og humoren er (som alltid i Nessers bøker) til stades. Personane i boka er livfulle og truverdige. Det gjeld alle, også bipersonane. Samtalane mellom dei ulike karakterane kjennest difor òg ekte.

Eg likte godt avslutninga av boka og serien, sjølv om sluttscenen kan oppfattast som banal og enkel. For meg var det likevel eit perfekt punktum for ein perfekt bokserie.

I vid forstand handlar boka om rett og feil, moral og umoral, men fyrst og fremst er De sørgende ei fantastisk bra bok om sorg. Om korleis leva vidare i sorg og med sorg. Om korleis leva vidare gjennom sorga og trass i sorga. Det er òg ei gripande bok om venskap og kjærleik.

".. när Döden är närvarande, ställer vi de viktiga frågorna om livet." Er ikkje det fint sagt? Sitat Håkan Nesser    

----------------------

Ivar Nergaard som opplesar av boka vart prikken over i-en som gjorde dette til ei glitrande leseoppleving. 

Herrane Nesser, Barbarotti og Nergaard er ein uslåeleg kombinasjon. Terningkast 6.

Én kommentar

Tine

28.02.2013 kl.20:45

Helt enig med omtalen din. Jeg øyner et lite håp om en runde til med Barbarotti :)

Skriv en ny kommentar

beroene

beroene

52, Luster

Bok åleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nasen i kokeboka.

Kategorier

Arkiv

hits