Medan me ventar på Barbarotti

Det er berre eit par dagar til den nyaste boka til Håkan Nesser - De sørgende - kjem for sal (på norsk). Eg gler meg til dette gjensynet med Gunnar Barbarotti. Samstundes kjenner eg at det er litt vemodig, fordi dette er den siste boka i serien. Desse bøkene er SÅÅÅ bra! Dette er krimlitteratur med strek under litteratur.  

Bøkene i serien kan godt lesast kvar for seg, men om ein vil følgja utviklinga i Barbarotti sitt yrkesliv og privatliv er rekkefølga slik:

  1. Menneske uten hund
  2. En helt annen historie
  3. Beretningen om herr Roos
  4. De ensomme
  5. De sørgende 

Den flotte bokserien Barbarotti-kvintetten er med dette fullført. Det eg likar aller best ved Håkan Nesser sine bøker er dei levande personskildringane hans. Han fortel alltid om hovudpersonane sine med varme og kjærleik. Karakterane hans er truverdige med sine feil og manglar, sine sorger og gleder. Nesser skaper så god stemning i det han skriv, for alltid er den lune humoren til stades. Han skriv elegant og med snert, ofte med underfundige bilete og med fine dialogar. Ofte får han sagt viktige ting om kjærleiken og døden og meininga med livet.

Inspektør Gunnar Barbarotti er svenskitaliensk og kriminalbetjent ved politiet i den fiktive svenske byen Kymlinge. Han er ein klok, godmodig og sympatisk type som inngår avtalar med og har underhaldande samtalar med Gud.
I den fyrste boka - Menneske uten hund - lever han eit litt stusseleg liv som skild åleinefar med tenåringsdotter. Saka som opptek han i denne boka er at to medlemer i den same familien vert sporlaust vekke medan heile den store og skakkøyrde familien er samla for å feire 105-årsdag. Barbarotti lyt ta tak i dei aller mest hemmelege og mørkaste sidene til personane i familien for å løysa saka. Menneske uten hund er ein svært god og spesiell kriminalroman.

Det same kan seiast om neste bok - En helt annen historie. Den boka er heilt annleis oppbygd, men leseopplevinga er like stor. Her er fleire parallelle historiar, med mysterium i notid og fortid. Mykje av handlinga føregår i Frankrike. Barbarotti sjølv er nyforelska og full av sommarstemning, - men stemninga vert avbroten når det skjer fleire seriedrap. Det som er mest mystisk er at Barbarotti personleg vert varsla om drapa før dei skjer. Sjølve kriminalgåta får si overraskande og geniale forklaring på slutten.
Boka vart kåra til beste svenske kriminalroman i 2007.
 


Beretningen om herr Roos er både spennande og tankevekkande. Det er ei bok full av humor, varme og vemod. To heilt ulike personar møtest, og uvanlege ting skjer. Det tilfeldige møtet fører til at begge skiftar kurs i livet sitt.

Barbarotti dukkar ikkje opp før i andre halvdel av boka, med gipsa fot etter eit fall frå taket og elles eit litt utfordrande privatliv. Avslutninga av boka føregår i Maardam, ein annan velkjend, men fiktiv by frå Nesser sitt forfattarskap. 

 


Den fjerde boka er De ensomme, som byr på hendingar både i notid og fortid, og med fleire ulike synsvinklar og forteljarstemmer. Boka kan oppfattast som langsam og omstendeleg, og plottet er slett ikkje heilt enkelt. To personar vert funne døde i botnen av eit høgt stup - med 35 års mellomrom. Då det viser seg at desse personane ein gong har vore sambuarar, kjenner Barbarotti seg viss på at det ikkje kan vera tilfeldig. Eller?

De ensomme er på mange måtar ein lågmælt krimroman, men dramatikken og intensiteten er likevel til stades.

 

Den svenske tittelen på bok nummer fem er Styckerskan från lilla Burma; "parterersken fra lille Burma". Korleis den norske tittelen då kunne bli De sørgende, er uskjøneleg, - men det gir kanskje boka eit svar på.

Eg har prøvelest dei fyrste sidene på svensk.
Dei lovar bra.

For å få best utbytte av Barbarotti-kvintetten, vil eg rå til å til å lese bøkene kronologisk.

3 kommentarer

sofilie

11.02.2013 kl.06:26

Etter å ha lest dine innlegg om Nesser, så har jeg kjørt ut en utskrift av Wikipedia over bøker han har skrevet. Har frem til nå kun lest Kjære Agnes. Jeg tenkte at jeg skulle lese serien om Van Veeteren først. Men det er 10 bøker og skal jeg begynne med nr 1 og lese meg fremover, kommer det til å ta sin tid. Så kanskje jeg skal lese Barbarotti serien.

Tine

11.02.2013 kl.07:52

Jeg er en av de som har lest "alt" av Håkan Nesser, og gleder meg vilt til denne boken. Håper han skriver ut Barbarotti på en fin måte :) Ha en strålende blåmandag!

beroene

11.02.2013 kl.10:41

sofilie: Du kan godt starte med Barbarotti, - det gjorde eg. (Dermed kjem du nok til å få lyst til å lese VV-serien etterpå, hehe)
Tine: Enig! Håpar han ikkje tek livet av Barbarotti...

Skriv en ny kommentar

beroene

beroene

52, Luster

Bok åleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nasen i kokeboka.

Kategorier

Arkiv

hits