Kreft - Kjærlighet - Knulle - Døden

Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen av Håkan Nesser er ei av mine favorittbøker. Boka handlar slett ikkje om den blonde filmstjerna, heller ikkje om den bibelske sjøen. Men tittelen på boka er genial! Ho er elegant oppbygd, har godt språk, lun og underfundig humor, - og ein dose klassisk krim.

Det startar som ein ungdoms-/ oppvekstroman; me møter 14-åringane Erik og Edmund ein sommar på det naive seksti-talet. Dei er blitt sende, saman med Erik sin eldre bror, til eit feriehus i dei svenske skogane medan far er heime i byen med den kreftsjuke mora. Både Erik og storebroren vert forelska i den vakre Ewa (det er ho som liknar på Kim Novak), men ho er forlova med den tøffe Kanon-Berra. Så er det at "det forferdelige" skjer, og boka vert meir som ei klassisk kriminalforteljing. Siste del av boka har handling frå "notida", og oppklaringa av mysteriet får me heilt på slutten. 

Hovudpersonen Erik har eit mantra han ofte messar for seg sjølv: "Kreft - Kjærlighet - Knulle - Døden". Slik oppsummerer han det viktigaste i livet.

Boka anbefalast varmt. Ho er både lettlest, vemodig og morosam.

Stikkord:

2 kommentarer

sofilie

27.10.2012 kl.07:54

Har sett filmen flere ganger. Men aldri tenkt at grunnlaget for filmen er en bok. Den må jeg absolutt lese!

Geir Tangen

30.01.2013 kl.19:39

Heeeiii ... :) Et kjempefint innlegg fra deg i dag. Denne har jeg hørt mye om, og forstår at leserne har en godbit i vente. Takk for bidraget :)

Skriv en ny kommentar

beroene

beroene

52, Luster

Bok åleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nasen i kokeboka.

Kategorier

Arkiv

hits