Avdeling Q - Dansk kvalitetskrim

 Jussi Adler-Olsen (biletet til venstre) høyrer absolutt til mellom dei fremste skandinaviske krimforfattarane. Han har uttalt at det skal bli ti bøker til saman om Avdeling Q. Hittil er det fire bøker som er utkomne, nummer fem kjem ut i Danmark i næraste framtid, - denne har fått tittelen Marco effekten.

 Hovudpersonane i serien er kriminaletterforskar Carl Mørck og dei noko skakkøyrde assistentane hans, Assad og Rose. Desse tre jobbar saman i den nyoppretta eininga "Avdeling Q", og skal ta seg av forelda saker av særleg alvorleg karakter; ei Cold case-avdeling. I den fyrste boka i serien, Kvinnen i buret frå 2006, er Carl Mørck nett attende etter ei lengre sjukmelding og vert plassert i denne noko tilbaketrekte stillinga i kjellaren i politihuset i København. 

 Adler-Olsen sine skildringar av persongalleriet i dette etterforskingsteamet er fornøyeleg lesing. Assad har ei heller tvilsam irakisk bakgrunn, Rose har nok ein del psykiske diagnosar, og sjefen sjølv strevar også, med tilhøvet til den gale ekskona, til tenåringssonen og til den skadde tidlegare kollegaen Hardy. 

Bøkene i serien bør lesast kronologisk: Kvinnen i buret, Fasandreperne, Flaskepost fra P og Journal 64. Alle er sidevendarar som nesten tek pusten frå ein stakkars lesar. 


Dersom du av ein eller annan grunn ikkje har lest desse bøkene enno: Løp og kjøp (eller lån!) - og les!

Flaskepost fra P er min favoritt, den fortener terningkast 6.

Én kommentar

Anettesbokboble

04.11.2012 kl.10:38

Helt enig!! Elsker alle bøkene av Adler-Olsen og venter med lengsel og smerte på neste bok :)

Skriv en ny kommentar

beroene

beroene

52, Luster

Bok åleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nasen i kokeboka.

Kategorier

Arkiv

hits