Siste innlegg

Det vert ingen fleire innlegg på denne bloggen. 

Heretter er eg å finna på http://bokbloggberit.blogspot.no/ 

Bytte av plattform

Eg vurderer å bytte bloggplattform til blogspot, og har starta litt eksperimentering. Utkast til ny blogg er her: http://bokbloggberit.blogspot.no/ og eg vil gjerne ha tilbakemeldingar.

Eg tykkjer blogg.no er så enkel og grei i bruk, men eg hatar reklamane! Dei er eit framandelement og vert meir og meir forstyrrande og irriterande. Dessutan har blogspot fleire funksjonalitetar m.o.t. statistikk og andre ting. Men - det er litt mykje strev å setja seg inn i korleis saker og ting fungerer og virkar og heng saman på ein ny portal...

Den nye bloggen er veldig lik denne i utsjånaden; eg likar nemleg så godt den himmelblå bakgrunnen og det lyseblå feltet i midten. Dessutan meiner eg at "det enkle er det beste". Pynting og dilling med design og slikt giddar eg ikkje.

Inntil vidare er det denne bloggen som vert brukt, men det er muleg at eg bytter i løpet av kort tid. 

Synspunkt, nokon?

Oppsummering april

Påbyrja i mars, fullført i april
Agatha Christie - Barneselskapet - Britisk klassisk krim - Lydbok lånt på biblioteket 
Kristina Ohlsson - Askepott - Svensk krim - Kjøpt pocket 

Lest i april
Lars Kepler - Sandmannen - Svensk krim - Kjøpt lydfil via Ordflyt
John Hart - Løgnenes konge - Amerikansk spenning - Papirbok lånt på biblioteket 
Heidi Linde - Agnes i senga - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket 
Sidsel Dalen - Dødelige dråper - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket 
Jørgen Brekke - Menneskets natur - Norsk krim - Papirbok lånt av mor og lydfil fått frå Lydbokforlaget 
Are Kalvø - Ny grunnlov - Humor/satire - Papirbok lånt på biblioteket
Chelsea Cain - Døden to ganger - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Pontus Ljunghill - En usynlig - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Haruki Murakami - 1Q84 bok 2 - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Kaaberbøl & Friis - Et stille, umerkelig drap - Dansk krim - Papirbok lånt av mor og lydbok lånt på biblioteket

Påbyrja i april, fullførast i mai
Erica Jong (red.) - Sukker i skålen - Novellesamling - Papirbok fått frå Juritzen forlag
Gillian Flynn - Mørke rom - Amerikansk spenning - Kjøpt papirbok 

------------------------

For å sjå andre bokbloggarar sine oppsummeringar for april månad, kan du klikke deg inn hos Anettes bokboble!



Skjermdump: Bokelskere.no

Bok på vent: Mørke rom

Boka på vent i dag er Mørke rom av Gillian Flynn, innkjøpt på Mammutsalet for eit par månader sidan. 

Det er litt merkeleg at eg ikkje har lese noko av Flynn enno, for eg trur bøkene hennar er midt i blinken for lesesmaken min. Problemet Utfordringa er at det er så ufatteleg mange bøker "der ute" som ein skulle ha lest. So little time.. osv. 


Mykje godord er sagt om thrilleren Mørke rom:

  • Mørke rom er ikke en bok du glemmer med det første - Bokelskerinnen
  • En veldig god og overraskende krim - Artemisias Verden
  • Boken var ufattelig spennende, mørk og grufull - Mary's bokhylle
  • Mørke rom er en uhyggelig og skremmende historie ispedd mye humor - Bokbloggeir
  • Boken har en sjelden god krimkvalitet og et intelligent plot - Adresseavisen
  • En skarp, medrykkende og overrumplende krim-historie - Fædrelandsvennen 

No ligg Flink pike av same forfattar høgt oppe på bestseljarlistene, og den skal lesast ved eit seinare høve.

Du finn mange fine ventebøker og spennande boktips om du klikkar deg inn på bloggen beathesbokhylle!

Dei beste hittil i år

Tida flyg avgarde, og ein tredjedel av 2013 er snart unnagjort! Ein bitteliten oppsummering kan difor vera på sin plass. Her er mi personlege og subjektive liste over topp 10 bøker lest hittil i år:

  1. Håkan Nesser - De sørgende
  2. Lars Kepler - Sandmannen
  3. Jussi Adler-Olsen - Marco-effekten
  4. Arne Dahl - Europa blues
  5. Chelsea Cain - Døden to ganger
  6. Mo Hayder - Kuren
  7. Åsa Larsson - Et offer til Molok 
  8. John Hart - Løgnenes konge
  9. Eriksson & Sundquist - Kråkejenta
  10. Haruki Murakami - 1Q84 bok 1 og 2

Lesetempoet har vore upåklageleg, men så er dei aller fleste bøker eg les innan krim og spennings-sjangeren, - og dermed både lettleste og fortleste. I skrivande stund held eg på med bok nummer 44 for i år.

Er du nøgd med leseåret 2013 så langt? Kva - og kven - er dine favorittar?

Smakebit frå VG

Gårsdagens VG hadde oppslag om den nye Harry Hole-boka som kjem 6. juni. 

 
No treng verken Jo Nesbø eller Harry Hole eller VG ekstra reklame, men me er mange som ser fram til Politi. Sjølv har eg slukt alle bøkene i serien etter kvart som dei har komme ut. Jo Nesbø er ein fabelaktig forteljar.

VG siterer frå det neste medlemsbladet til Bokklubben Nye Bøker, der det igjen vert gjeve ein smakebit frå den kommande boka. 

Boka opnar med ei skildring av ein idyllisk haustdag i Oslo, men idyllen varar ikkje lenge. Den pensjonerte politimannen Vennesla syklar inn i Maridalen, til ein plass der det tidlegare vart utført eit drap på ein tiåring. Vennesla var etterforskingsleiar for saka, men drapsmannen vart aldri teken. 
"Han ante en bevegelse, noe som ble løftet bak de store, dirrende sirkelen av lys, hørte en lav plystring i luften og i det samme slo en merkelig tanke ham. At han ikke burde ha gjort det. At han ikke burde tatt av seg hjelmen. At de fleste dødsfall blant syklister...."

VG kan elles fortelja at Harry Hole ikkje dukkar opp før etter nesten 200 sider og at avslutninga av boka tyder på at det vert enno fleire bøker i serien. Ikkje så overraskande akkurat, men gode nyhende for Hole-fansen.


Kvar søndag fristar Mari frå Flukten fra virkeligheten oss med litterære smakebitar.
Her kan ein dele nokre linjer frå ei bok med andre og kanskje sjølv få gode bok- og bokbloggtips.

Bokomtale: En usynlig av Pontus Ljunghill

Pantagruel forlag 2013
Oversetjar: Solveig Moen Rusten
571 sider

Krimdebutanten Pontus Ljunghill har skrive ein kriminalroman utanom det vanlege. Eit alternativ til det heseblesande, actionfylte og bloddryppande. En usynlig er nemleg ei langsam og lågmælt bok. I form og stil - i det melankolske og ettertenksame - minner Ljunghill meg om Håkan Nesser - men humoren og ironien, som er så bra hos Nesser, manglar.

Sidetalet kan virka avskrekkande, men boka er svært lettlest - med korte kapittel og mykje "luft". Språket har på ein måte "avstand" i høve til handlingane. Det fungerer fint, då ein i tidsepoken det vert fortalt om, var noko meir formelle enn i dag. For me skal attende i tid, til 1928 og 1953.

Ein haustdag i 1928 vert ei lita jente funnen drepen på eit nedlagd verftsområde. Den unge og lovande politifullmektigen John Stierna vert sett til å leia etterforskinga. Mordet fører til stor merksamd i pressa, så politiet - og spesielt Stierna, føler presset frå alle kantar frå fyrste stund. Augevitne har sett både ein mann og ein bil på staden, men det er få spor etter mordaren. Jakta på den skuldige vert svært så innfløkt og langvarig. For Stierna personleg vert saka svært krevjande - saka gneg i han og han føler han ikkje kan sleppa taket. Han vert som besett av drapssaka - og er meir gift med jobben enn med kona. Men tida går og det ser ut som om saka aldri vil få noka løysing. 

I 1953 sit ein sliten John Stierna på eit hotell på Gotland og summerer opp karriera si for ein journalist. Mordet på den vesle jenta har han aldri gløymd. Saka er i ferd med å bli forelda, men Stierna har framleis eit ørlite håp om ei oppklaring.
Handlinga i boka pendlar mellom desse to tidsplana.

Noko av det viktigaste i ein kriminalroman er spenningsmomentet. Trass i den langsame (ja, til tider direkte trege) handlinga, er det ei uvisse, ei uhygge og ein nerve som er til stades gjennom heile boka. Forfattaren brukar grepet med at han parallellt med hovudforteljinga gir oss mordaren sine tankar og motiv i kursiv. Mordaren er den usynlege velkledde mannen i hatt. Han føl med på kva som skjer - han står på avstand, som ein skugge.

En usynlig er, som mange påpeikar, ei stemningsfull bok. Ljunghill gir oss mange bilete på korleis folk på 1920-talet levde og arbeidde. Ein kan lett sjå føre seg korleis politiet jobba den gongen - utan avansert DNA-testing, mobiltelefonar og overvåkingskamera. Forfattaren har lagt mykje arbeid i research, og for folk som er kjende i den svenske hovudstaden, er det sikkert svært interessant å lesa dei detaljerte miljøskildringane frå den tidas Stockholm. Sjølv har eg aldri vore i byen, så akkurat dette gjekk eg litt "glipp av".

Pontus Ljunghill har lukkast med å skapa ei annleis krimbok, men mykje kan ein likevel kjenna att frå den klassiske kriminallitteraturen: Den mørke og dystre stemninga, det tidkrevjande og detaljerte etterforskingsarbeidet, den smarte mordaren som ligg eit steg framfor politiet og den hardtarbeidande og einsame etterforskaren som aldri gir opp.

Eg likte boka ganske godt. Medan eg las tykte eg at handlinga gjekk for tregt, men i ettertid ser eg at det nettopp er det omstendelege og ettertenksame som gjer boka så lesverdig. 
Konklusjon: Ein sterk firar. 

Bokbyen i Fjærland

Reisetips for sommaren 2013!

Bokbyen i Fjærland er ein fantastisk plass. Her er omlag 4 kilometer med bruktbøker til sals, - fordelt på 10-15 ulike utsalsplassar, mange av dei svært så sjarmerande og spesielle. Ein av dei er sjølvbetjent:



Sjølvplukk av bøker i bokbyen Fjærland

Fjærland ligg i Sogndal kommune og er plassen der "Sognefjorden møter Jostedalsbreen". I Fjærland finn du fred, ro og brukte bøker. Det viktigaste ein treng når ein besøker bokbyen er rikeleg med tid.



Ein vert litt salig når ein går mellom kilometervis av bokhyller

Bokbysesongen varar frå mai til september, men ein kan handla i nettbutikken gjennom heile året. I sesongen er det fleire arrangement i bokbyen, til dømes Boknatti i juni.



Er du heldig, finn du akkurat den Stompa- eller Bobseybarna-boka du manglar..

(Bileta er frå ein kollegatur til Bokbyen i 2011)

Nina Borg-roman på vent

Et stille, umerkelig drap er tittelen på bok nummer to i Lene Kaaberbøl og Agnethe Friis sin serie om Røde Kors-sjukepleiaren Nina Borg. Denne boka har eg hatt liggjande på vent ei tid. Eg las den fyrste boka, Gutten i kofferten, i fjor - og den var brukbar. Ganske spennande og godt plott, men mangla dette ekstra som ein krimelskar gjerne er ute etter. Eg tykte at sjølve hovudpersonen, Nina Borg, var litt "slitsam", på ein måte. Samstundes er det interessant med ein protagonist med eit anna yrke enn det som er vanleg i ein kriminalroman, - som oftast er det ein politimann (med ei vakker politikvinne som makker), ein journalist eller ein sliten privatdetektiv.

Omtale frå forlaget:

"På et nedlagt militærhospital i det nordlige Ungarn leter to sigøynergutter etter apparater og våpen de kan selge. De finner mer enn de hadde regnet med, og setter dermed i gang en kjedereaksjon som truer med å sprenge tilværelsen i stumper og stykker for uhyggelig mange mennesker - også for Nina Borg.
I Danmark får Nina en telefon fra en gammel venn som hjelper til med å skjule en flokk romfamilier på et nedlagt bilverksted. Barna er blitt syke, og først da hun selv ligger i sykehussengen, skjønner Nina at det ikke bare skyldes de elendige sanitærforholdene."

Bok nummer tre i serien kom ut tidlegare i år og har tittelen Nattergalens død.

Lene Kaaberbøl er mest kjend som forfattar av fantasybøker for barn og unge. Ho har òg skrive den historiske krimromanen Kadaverdoktoren, - den kan eg anbefala.
Agnethe Friis er forfattar og journalist.

"Boken på vent" er boktema hos Beatesbokhylle kvar tysdag. Her finn ein alltid inspirasjon og lesetips.

Ny humoristisk grunnlov

Eg har stor sans for satirikaren, forfattaren, komikaren, programleiaren og nynorskhumoristen Are Kalvø. I desse dagar er han aktuell som grunnlovsfar, med TV-serien Riksforsamlinga på NRK. 

Kalvø har laga den nye grunnlova fordi - som han skriv - "den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll." Boka Ny grunnlov er basert på tv-serien og er eit supplement til denne. Eg tykkjer Are Kalvø er vel så god på trykk som han er på radio og TV. 



I boka finn du forutan den nye grunnlova, ein del stoff om korleis lova vart til. Humor til ettertanke frå Are Kalvø igjen, altså.

Boka vart nærast slakta i VG av ein anmeldar utan humor. Folk med humor kan kjøpa bøkene til Kalvø her.

Smakebit på søndag: Døden to ganger

Går det an å skriva elegant og vakkert om tortur, blod og gørr?
Ja, eit par av mine favorittforfattarar klarar faktisk det. Den eine er Mo Hayder. Den andre er Chelsea Cain.

Eg har no lese ut bok nummer fem i Chelsea Cain sin serie om Archie Sheridan og Gretchen Lowell; Døden to ganger, ei svært velskriven og fengslande bok. Bøkene i serien bør lesast i rekkefølge om ein skal forstå samanhengen om det merkelege og bisarre forholdet mellom den utsette politietterforskaren og den vakre seriemordaren.

Gretchen er bak lås og slå ved ein psykiatrisk institusjon og behandlinga - medisineringa - har gjort den tidlegare skjønnheita om til eit fysisk vrak. Ho kan ikkje kallast Beauty Killer lenger, men Archie er slett ikkje uberørd når han etter lang tid møter ho att:

Hun åpnet øynene og så på han. Han satt i vinduskarmen, lent mot sprinklene, og han måtte beherske seg for å holde seg like rolig som hun var....
"Hei, skatt", sa han. Hun prøvde å skifte stilling, så løftet hun hodet og kikket ned på lærstroppene rundt håndleddene som lenket henne til siden av sengen.
Hun la hodet tilbake på puten og smilte til ham. "Hva skyldes disse?" sa hun. "Er de redde for at jeg skal skade deg?"
Archie reiste seg fra vinduskarmen og gikk langsomt bort til sengekanten. Han holdt hendene i lommene for å fingre med de tre Paralgin Forte-tablettene han hadde der. Han bøyde seg ned mot henne, langsomt. Han måtte gjøre alt langsomt med Gretchen, for hvis han ikke gjorde det, ville han gjøre en feil og røpe for mye. "Nei," sa han i en lav hvisking, "det er for at jeg liker å se deg fastspent."

Ein ny seriemordar er på ferde i Portland-distriktet, og Gretchen påstår at ho har opplysningar i saka. Korleis kan det vera muleg? Er det berre noko ho seier, slik at Archie skal komma på visitt?

Boka inneheld rikeleg med ekle scener; drap, tortur, partering og detaljerte skildringar av obduksjonar. Men Chelsea Cain serverer oss alt det uhyggelege og grusomme med eit uhyre elegant, nesten vakkert språk. Dette skaper kontrastar som er spesielle og spennande. Det er òg kontrastfyllt å lytta til lydboka. Anne Ryg har ei svært behageleg og roleg stemme, - og ho er like roleg når ho les dei mest ekle partia, - og det passar ypparleg med ei slik stemme til denne serien.

Tempoet er ikkje like heseblesande som dei tidlegare bøkene, men er periodevis adrenalinframkallande. Boka er spennande, ekkel og skrekkeleg. Og veldig god. 

Les også:
Archie Sheridan og Gretchen Lowell på vent 
Splatter-krim


     Smakebitar frå mange ulike bøker finn du kvar søndag hos Mari og den fine bloggen Flukten fra virkeligheten.

Bokomtale: Menneskets natur av Jørgen Brekke

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Trond Brænne
Speletid: 09:39
Lydfil fått frå Lydbokforlaget 
 

Jørgen Brekke har skrive ei ny god og ganske så spennande bok i serien med Odd Singsaker og Felicia Stone i hovudrollene. Eg har lytta til lydbokversjonen, men har samstundes hatt papirboka tilgjengeleg. Det har vore nyttig i dette tilfellet, fordi forfattaren gjennom heile boka skiftar tids- og forteljarperspektiv. Slike skifte er krevjande og gjer det vanskeleg å konsentrera seg om ein berre "les" lydboka, - men om ein i tillegg har ei fysisk bok å bla litt i, er det ikkje vanskeleg å halde tråden.

Det var svært spesielt og ganske vemodig å høyra Trond Brænne som opplesar av boka; han døydde for kort tid sidan, berre 59 år gammal. Opplesinga av Menneskets natur vart utført på ein framifrå måte.

Dei to fyrste bøkene i serien, Nådens omkrets og Drømmeløs, har handling frå notida og inneheld interessante - og skumle - parallellhistoriar frå ei fjern fortid. Menneskets natur har handling kun frå notida, og det einaste historiske i romanen er at forfattaren med jamne mellomrom refererer til Hippokrates og teoriane hans. Boka er inndelt i fire deler med namn etter Dei fire temperament; blod, slim, gul og svart galle. I kvar del møter me så personar som representerer desse temperementa.



Handlingane er fyrst og fremst lagde til Trondheim og Hitra, med avstikkarar til Oslo, til Østerdalen og til Horten (der Brekke flettar inn ein hyllest til forfattarkollega Jørn Lier Horst. Stilig!)

Dette er bok nummer tre i serien, og i starten av boka forstår me at Odd Singsaker ved Trondheim politikammer er ute i hardt vêr og at han har opplevd noko dramatisk. Akkurat kva som har skjedd, får me ikkje greie på. Det vert gradvis avslørt utover i boka, - dette er effektfullt og held spenninga oppe sjølv om det ikkje er like mykje action heile tida. I tid går handlinga går føre seg nokre veker etter der handlinga i Drømmeløs sluttar. I slutten av den boka forsvann Felicia Stone rett og slett, og når me møter henne att i Menneskets natur er ho på rangel, - men i ferd med å finna tilbake til seg sjølv - og truleg til Odd. Men så vert ho vikla inn i svært så dramatiske hendingar..

Persongalleriet i boka er mangfaldig. Me møter ein politimann på flukt med eit barn, ein torpedo og dei to torpedoassistentane Lars og Lars, ein student i trøbbel, og mange mange fleire. 

Jørgen Brekke er ein dyktig forteljar, og utfordrar lesaren når han i denne boka gjev oss fleire parallelle historiar, ukronologisk og med ulike forteljarstemmer. Eg likar å bli utfordra, og er fascinert over korleis forfattaren skifter spor og hoppar fram og tilbake i tid med overskriftene "før det skjedde", "etter det skjedde" og "da det skjedde." Dei fleste lause trådane som forfattaren har strødd om seg med i løpet av boka, vert fletta saman på ein snedig og dyktig måte til slutt.

Boka inneheld ein del humor av det underfundige slaget og sluttar på ein slik måte at lesaren forventar ei ny bok i serien. - Og den kjem sikkert. 
Konklusjonen er at dette er ei spennande, godt komponert og lesbar krimbok. Anbefalast!

Takk til Lydbokforlaget som sende meg gratis lydfil.

Han Rasmus

Helvete

sa han Rasmus ofte.

Han gjekk villmann i potetåkeren

og tok alt opp på ein ettermiddag.

Helvete.

Etterpå la han ein klump matjord

under overleppa

i mangel på snus.

Helvete.

Helvete sa han Rasmus

den gongen han bar storoksen på ryggen

fleire kilometer

fordi det var slik ishålke

og kyrne i nabogarden ikkje kunne vente.

Helvete.

Og han sa helvete

han Rasmus

den gongen han kom til å rive ned

eit småfuglereir frå låvebjelken.

Og då han sto med to dunete døyande

fugleungar i dei veldige nevane sine

rann det store dropar nedetter kinna.

Helvete sa han Rasmus.

 

Forfattar: Arne Ruset

Frå samlinga Mus, Det Norske Samlaget, 1983.

Bok på vent: En usynlig

Tysdag betyr Boken på vent-dag: Du finn mange fine ventebøker og spennande boktips om du klikkar deg inn på bloggen beathesbokhylle!

Ei bok eg verkeleg ser fram til å lesa, er En usynlig av Pontus Ljunghill. Eg vart fyrst merksam på boka i denne spalten i januar, då Beathe hadde eit innlegg der ho presenterte den då heilt ferske - men historiske - krimromanen.

Men største delen av skulda (evt. æra) av at boka havna i mi bokhylle, må bokbloggeir ta. Hans entusiastiske omtale, samt det interessante intervjuet han hadde med forfattaren, gjorde at eg skaffa meg boka. 

En usynig er fyrste bok i ein planlagd serie og er debutromanen til Ljunghill. Handlinga er lagt til Stockholm i 1928 og 1953.
Eg har forventningar om stemningsfulle og spennande lesestunder med En usynlig.

Midt på treet-bøker

Eg tykkjer sjølv at eg er flink til å plukka ut bøker som passar til meg sjølv. Eg les nesten alltid bøker som eg på førehand trur er gode. Og vanlegvis er eg godt nøgd med bøkene; det vert mest terningkast 4. Dei som er ekstra gode får ein femmar på terningen og innimellom les eg bøker som er heilt fantastiske og som fortener toppkarakter seks.

Men no må eg visst skjerpa meg: Den siste månaden har eg lese heile fire bøker som eg ikkje er meir enn passe nøgd med. Ingen av dei er direkte dårlege, men av ulike årsaker passa dei ikkje for meg akkurat no.

Agnes i senga av Heidi Linde har eg omtalt og der prøvd å forklara kvifor eg vurderer boka til terningkast 3. I utgangspunktet likar eg ikkje så godt såkalla feelgoodbøker eller chic-lit, - sjangeren er feil for ein så uromantisk person som meg. Men eg har lese bøker av denne typen som har vore svært bra, så eg prøver meg nok igjen seinare med noko "føleri".

Ikkje alt er like leseverdig innan krim og spenning-sjangeren heller. Det vert kanskje utgitt for mange bøker av denne typen? Så mange at krimmen vert utvatna? Marknaden for slike bøker er vel ikkje heilt umetteleg. Eller er eg som lesar blitt for kresen?

Sidsel Dalen si bok debutbok Dødelige dråper har fått brukbare kritikkar og omhandlar m.a. viktige tema som miljøkriminalitet og korrupsjon. Dette er ei bok som truleg fungerar betre i papirform enn som lydbok. Opplesar Line Verndal er for teatralsk og les for sakte etter min smak. Hovudgrunnen til den låge karakteren frå meg når det gjeld denne boka, er den heller dårlege opplesinga.

Askepott er den fyrste boka i ein serie som Kristina Ohlsson har skrive. Den tredje og førebels siste boka i serien, Englevaktene, kom ut ifjor og eg merka meg at den fekk strålande kritikkar. Difor starta eg altså på bok nummer ein i serien, - men truleg hadde eg for høge forventningar; boka er så treg i byrjinga at eg ikkje klarde å halda på konsentrasjonen - trass i at temaet var gripande nok.
Det vart altfor mykje fokus på etterforskarane sitt tidlegare og noverande privatliv, - noko som kan forklarast med at forfattaren ønskjer å gje ein skikkeleg presentasjon av hovudpersonane sine frå starten av. For meg fungerer det betre når slik informasjon vert "porsjonert ut".

Eg kjem truleg til å lesa dei to neste bøkene i serien.

Evig skal døden vera er debutboka til krimforfattarparet Kolden & Kroken og er grei nok, men litt rotete og uferdig med for mange lause trådar.
Oppfølgingsboka Døden kjem med bussen er betre.

 

 

Smakebit på søndag: Løgnenes konge

No les eg debutromanen til den amerikanske forfattaren John HartLøgnenes konge. Boka kom ut i 2005, og den norske utgåva eg har lånt på biblioteket er frå 2008, utgitt på Hr. Ferdinand forlag (no oppkjøpt av Vigmostad & Bjørke). Dei andre bøkene til Hart er utgjevne på Font forlag, - der finst òg Løgnenes konge i pocketutgåve. Dei fire bøkene hans er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi.

Hart er ein ypparleg forteljar; skildringane hans av det dystre og mørke er spesielt bra. Språket hans er uhyre elegant, og han skriv med ein ironisk distanse som gjer at historiane hans har noko ekstra.

Eg-personen i Løgnenes konge er advokaten Work. I starten av boka får han beskjed om at faren Ezra, som òg var advokat og som har vore sakna i halvtanna år, er funnen drepen.

"Og plutselig lå han der. Det glimtet svakt i ribbeina gjennom en lang revne i en skjorte jeg hadde glemt, men nå husket temmelig godt. Han så ut som et slags ødelagt krusifiks, med den ene armen utstrakt og beina samlet."

Me skjønnar at forholdet til faren har vore vanskeleg, og Work har òg eit kjærleikslaust ekteskap:

"Jeg bar ølen min inn i vakuumet av tausheten hennes og satte meg i yndlingsstolen min. Nakken hennes var bøyd, huden lyste blekt som knoklene på Ezra, og et ubevegelig mørke hadde lagt seg under kinnbeina".

Mor til Work døydde under uvisse omstende same kveld som den valdelege og svært velståande faren forsvann. Sidan Work står som einearving, vert han mistenkt for å ha drepe faren. Sjølv mistenkjer si eiga syster Jean, men det er umuleg for han å avsløra denne mistanken for politiet. Work leitar desperat etter sanninga. Han må berga Jean frå mistanke samstundes som han kjempar for si eiga sak. For politiet og statsadvokaten handlar det kun om å skaffa tilstrekkelege bevis for at nettopp Work kan siktast, tiltalast og varetektsfengslast:

"Hvis det lyktes meg å slippe ut herfra, skulle jeg aldri ta min frie vilje for gitt. Jeg hadde tilbrakt det meste av livet i et fengsel som jeg selv hadde skapt, fanget bak gitre av frykt, forventninger og andres oppfatninger; og ingenting av det betydde noe som helst. At far måtte bli drept og jeg selv arrestert for at jeg skulle innse dette, fikk meg nesten til å le, men latteren hadde ingen plass her og ville aldri ha det heller. Jeg måtte finne en utvei."

Les meir:
John Hart - ein mørk forfattar


Kvar søndag fristar Mari frå Flukten fra virkeligheten oss med litterære smakebitar.
Her kan ein dele nokre linjer frå ei bok med andre og kanskje sjølv få gode bok- og bokbloggtips.

Manglande kjemi med Agnes

Det er sjeldan eg avbryt bøker. Det gjorde eg ikkje denne gongen heller, men eg vurderte fleire gonger å leggja vekk boka.

Eg har lese Agnes i senga av Heidi Linde. Etter at eg hadde lytta ferdig Sandmannen, hadde eg behov for å høyra på noko heilt anna, - og sidan eg "hadde Agnes på vent", tenkte eg at den kunne vera eit passande alternativ. Stundom treng ein eit avbrekk i all krimlesinga.

Dette skal vera ein feelgood-roman, men eg føler meg slett ikkje bra saman med Agnes. Tidlegare har eg lese Nu jävlar av same forfattar og den tykte eg var ganske bra. Agnes i senga er berre sånn passe.

Agnes er flyvertinne, 32 år og dumpa av kjæresten etter eit langt forhold. Knust av kjærleikssorg flyttar ho mellombels til ein leilegheit som far hennar eig. Ho ligg i senga, ser på TV, er deprimert og føler at livet er utan meining. Og det er stort sett kva det handlar om i boka, irriterande nok. Dei beste partia i boka er når forfattaren let Agnes sjå attende på opplevingane i barne- og ungdomstida si. Kan hende er det ikkje så rart at Agnes er blitt den ho er blitt?

Agnes i senga er ei morosam bok, har eg lese i fleire omtalar. Eg ristar berre litt oppgitt på hovudet. Ei vaksen kvinne som oppfører seg som ein 14-åring er patetisk. Eg kjende eg vart irritert av å lesa om den sjølvopptekne og barnslege Agnes-karakteren som legg seg i senga og sørgar over den tåpelege eks-kjæresten sin. Boka hadde vore meir interessant om me òg kunne fått sett Agnes og hennar liv frå ein annan person sin synsvinkel. 

Heldigvis tyder slutten av boka på at Agnes byrjar å bli klar for Eit liv utanfor senga.

Heidi Linde skriv lett; språkflyt og dialogar er fine. Ho prøver å vera småironisk og humoristisk og ser med skråblikk på den situasjonen Agnes er i. Men historia vert for tynn og dum. Det beste eg kan sei om boka er at ho òg er ganske tynn.

Lydboka er godt opplest av Tone Beate Mostraum.

Archie Sheridan og Gretchen Lowell på vent

I dag, då eg i all hast skulle levera tilbake eit par bøker på biblioteket, såg eg at lydboka Døden to ganger var til utlån. Så den vart med meg heim i dag - og er Boka på vent denne tysdagen. Fleire fine ventebøker finn du hos Beathe og beathesbokhylle

Ondskapens hjerte
av den amerikanske forfattaren Chelsea Cain er ein av favorittbøkene mine, og eg har følgt Archie Sheridan og Gretchen Lowell gjennom fleire bøker. Døden to ganger er bok nummer fem i serien som handlar om det intense og merkelege forholdet mellom ein kvinneleg seriemordar og ein politimann. Bøkene bør lesast kronologisk for at ein skal få fullt utbytte av dei. 

  1. Ondskapens hjerte
  2. Hjerterdame 
  3. Hjerterått
  4. Mørketid
  5. Døden to ganger

Omtalar frå bokbloggarar:  
Rita leser
Tine's blogg
Anitas blogg 

Omtale frå forlaget:
Amerikas mest forførende seriemorder er tilbake i Chelsea Cains nye og fengslende thriller - og denne gangen drar hun Portlands sterkt prøvde etterforsker, Archie Sheridan, enda dypere ned i sin mørke fortid. Gretchen påstår at hun har førstehåndsinformasjon om en ny og grusom drapssak. Archie er ganske sikker på at hun bløffer bare for å treffe ham igjen, men han kan ikke la muligheten for å få viktige tips gå fra seg. Han må ta stilling til om det å stoppe en ny morder er verdt prisen for å stå ansikt til ansikt med sine demoner igjen.

Skrekkblanda fryd kan ein kalla det eg føler når eg les bøkene til Chelsea Cain. Eg gru-gledar meg til Døden to ganger!

Bokomtale: Sandmannen av Lars Kepler


Cappelen Damm 2012
Lydbok (Ordflyt)
Opplesar: Ivar Nergaard
Oversetjar: Henning J. Gundersen
Speletid: 11:05

Den fjerde boka som Alexander Ahndoril og Alexandra Coelho Ahndoril har gitt ut under pseudonymet Lars Kepler er ein skremmande bra kriminalroman. Serien om kriminalinspektør Joona Linna når nye høgder, - men det er den sadistiske seriemordaren Jurek Walter som dominerer handlinga i denne boka.

Sandmannen er ein thriller med ein lite truverdig superskurk, med nokre lite truverdige superpolitifolk og med lite truverdige brotsverk. Her er bestialitetar, mord, galskap, vald og faenskap. Her er plott hinsides all fornuft og forstand. Men likevel! - det er ei bok som ein vert fullstendig bergteken av. Det er den sterkaste og mest intense leseopplevinga eg har hatt på lenge. Eg er enig med Tine når ho seier at terningen skulle hatt fleire enn seks prikkar!


Sandmannen er svært langt frå den klassiske svenske sosialrealistiske politikrimmen. Kepler-paret har nok andre inspirasjonskjelder enn Sjöwall og Wahlöö. Eg får assosiasjonar til Hannibal Lecter når det gjeld den uhyggelege psykopaten Jurek Walter og til Lisbeth Salander når det gjeld den kvinnelege kollegaen til Joona Linna, Saga Bauer. Vidare er forfattarane tydeleg inspirert av ymse skrekk- og spenningsfilmar, med hurtige sceneskift, cliffhangers og høgt tempo.

Me veit frå forrige bok, Ildvitnet, at familien til Joona Linna lever i skjul etter truslar frå Jurek Walter. Sidan Joona Linna arresterte Walter for tretten år sidan, har sistnemnde vore innesperra på rettspsykiatrisk avdeling. Linna har i alle år vore overtydd om at Walter har hatt ein medhjelpar, men han har vore åleine om denne teorien. Så skjer det noko som snur opp ned på alt som politiet har trudd: Ein ung mann vert funnen i ein forkommen tilstand. Det viser seg at mannen, som vart erklært død for mange år sidan, er ein av dei to siste ofra til Walter. Kvar har han vore? Kven er "Sandmannen" - som har halde han og søstera hans innesperra i så mange år? Er søstera i live enno? Korleis kan Walter, fullstendig isolert som han er, kommunisera med nokon utanfor institusjonen?

Saka med det bortførte søskenparet lyt takast opp att, og Saga Bauer går undercover for å få kontakt med Jurek Walter. Skildringa av Saga sitt opphald på den psykiatriske institusjonen er klaustrofobisk og sterk. 

Enkelte deler av boka er ulogiske og har scener som er mildt sagt usannsynlege. Det har lite å seia for leseopplevinga, men det kan vera greitt å vera klar over på førehand at Sandmannen ikkje er særleg realistisk. Personskildringane er derimot fine; både hovud- og bipersonar virkar "ekte" og har tilnærma "ekte liv."

Lars Kepler har enno ein gong levert ei strålande og grøssande bok. Sandmannen er uhyggeleg godt komponert og har ekstremt høg "sidevendarfaktor". Frå fyrste side er spenninga der, og det er umuleg å slappa av før siste side er lest. Slutten er høgdramatisk og langvarig; lesaren trur at løysinga er nært foreståande, - men så kjem forfattarane med nye overraskingar, - og handlinga får ein ny vri. Når siste side er lest, er ingen trådar lause; i epilogen får alt ein oppklaring og forklaring - samstundes som det vert opna for ein oppfølgjar. 

Å lesa Sandmannen som lydbok er ei intens oppleving (Ein vert gjerne gåande med vilt blikk og nervøse rykningar medan ein lyttar, så eventuelle familiemedlemer vert kanskje litt urolege). Ivar Nergaard er kjempegod, som alltid.

Sandmannen kan godt lesast som ein frittståande roman, men det er ein fordel å lesa bøkene i serien kronologisk.

  1. Hypnotisøren
  2. Paganinikontrakten
  3. Ildvitnet
  4. Sandmannen 

Skremmande og glitrande frå Kepler

Eg er nett ferdig med Sandmannen av Lars Kepler. Boka er så spennande at ein føler seg utslitt og utmatta etterpå. Eg har lytta til lydbokversjonen, glimrande lest - som alltid - av Ivar Nergaard. Sandmannen er ei intens og sterk leseoppleving.

Opptakten til hendingane i boka får du her. Nedanfor er fyrste side, eit skjermbilete henta frå nettsida til Krimfestivalen

Den sjokkerte togføraren tilkallar politiet, - dei leitar i vinternatta, følgjer dei blodige spora og finn den utmagra, sjuke og bleike Mikael Kohler-Frost. Han har vore 13 år i Helvete.

Treng du boktips? Søndag er smakebit-dag: Ved å klikke seg inn på bloggen til Mari og Flukten fra virkeligheten finn du mange gode smakebitar!

Fyttirakkernsåspennande

Eg les Sandmannen. Og kjenner at adrenalinet stig. Fantastisk leseoppleving så langt, og er enno ikkje komen halvveges i boka... 

Dette blir heftig.

Bokomtale: Døden kjem med bussen av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden

Samlaget 2013
252 sider
Meldareksemplar fått frå forlaget

Forfattarduoen Kroken & Kolden frå Lom er attende med ei ny krimbok. For to år sidan gav dei ut Evig skal døden vera og no i mars kom Døden kjem med bussen. Eg las begge bøkene i påskehelga, men omtalar her kun den siste. 

Handlinga er lagt til Lom, Vågå, Ottadalen og Bøverdalen. Me er m.a. innom Nordal og Fossberg, Coopen og Esso-stasjonen, - det lett å kjenna seg att om ein har kjennskap til lokalsamfunnet. Det gjer boka sjarmerande og som lesar får ein nærleik til historia som vert fortald. 

Forfattarane skriv lett og greitt, og er altså svært gode på miljøskildringane. Når det gjeld personskildringane derimot, har forfattarane ein del å gå på. Her er ingen djupe psykologiske analysar, - og det kan heller ikkje forventast. Men personane er for enkle og trauste, nesten karikerte, samstundes som persongalleriet er lite oversiktleg. 


Dramatikken i boka startar på Nordfjordekspressen - bussen som går frå Oslo til Måløy - og som har sin vanlege stogg i Kvam. Ein av passasjerane drikk ein kaffikopp på kroa, og når bussen kjem til Vågå sit mannen død i setet sitt. Etter kvart skjer fleire mystiske dødsfall og andre besynderlege hendingar. Lensmannsbetjent Jørgen Vold og lensmann Sylfest Seljestad får travle dagar med etterforsking, gransking og avhøyr. 

Sjølv om det (naturleg nok i ei krimbok) handlar ein del om død og vald i Døden kjem med bussen, har forfattarane ein ledig stil og litt underfundig humor. Dei har også skrive seg sjølve inn i handlinga, - det var eit sjelden og morosamt grep. For røynde krimlesarar er nok boka for enkel og for langsam. Handlinga manglar ein del driv og spenninga er berre tidvis til stades. Likevel vil eg anbefala boka om du er ute etter ei lettlest og grei krimbok.

Det er gledeleg å sjå at nynorsk vert nytta innan krimsjangeren. Nynorsk kan faktisk brukast til det meste, - ikkje berre poesi og høgprosa.

Så kjære Kroken & Kolden, hald fram med å skriva. God nynorsk krim er det for lite av.

Takk til Samlaget for meldareksemplar.

Bokomtale: Stolpesnø av Marit Reiersgård

Gyldendal forlag 2012
307 sider 

Stolpesnø er ein krimroman med strek under roman. Eg vart positivt overraska over denne boka, som er Marit Reiersgård sin debut som krim- og vaksenbokforfatter. Tidlegare har ho gitt ut to barne- og ungdomsbøker.

Boka er spennande og velskriven og handlinga er lite forutseieleg. Det er lite hardkokt action; det er det stillferdige og langsame som gjer boka til ei god leseoppleving. Boka liknar litt på Unni Lindell sine krimromanar om Cato Isaksen, og tidvis er det noko som minner om Karin Fossum sin skrivestil når det gjeld "det psykologiske". 

Fem år gamle Oda vert sporlaust vekke medan ho leikar rett utanfor heimen. På ein annan stad i bygda finn unge Raimo ei kvinne valdteken og drepen. Etterforskarduoen Bitte Røed og Verner Jacobsen finn ut at det kan vera ein samanheng. Etterforskarparet er svært ulike, men veldig tiltrekte av kvarandre. (Her ligg ein del stoff til eventuelle fleire bøker med denne duoen!)

Saman prøver dei å finna ut av kva som har skjedd, fyrst og fremst med Oda. Det viser seg at i eit heilt kvardagsleg lokalsamfunn med heilt vanlege menneske, finst det fleire som har noko å skjula. Kvifor har ingen sett noko? Kva er det som ikkje blir sagt? Kva er det som skjular seg i snøføyka og vinterkulden? 

Snøen lavar ned frå fyrste til siste side i boka. Dette er stemningsfullt, - snøen lagar eit ekstra trist og dystert teppe over hendingane som vert fortalde. Forfattaren har gode og truverdige person- og miljøskildringar, spesielt skildrar ho godt mor til Oda si redsel og fortviling.

Eg håpar Marit Reiersgård kjem med fleire krimromanar i framtida, gjerne med Røed og Jacobsen i hovudrolla. 

Ein klapp på skulderen

Av og til er det nyttig og viktig å gå ut av komfortsona si. Av og til kan det å lesa eller lytta til ei bok i ein framand sjanger og av ein ukjend forfattar føra til ei spesielt god leseoppleving.

For meg vart lyttinga til Dødslekene (Hunger Games) ei slik oppleving. Sidan eg - på ingen måte! - er i målgruppa for lesarar av dystopisk ungdomslitteratur, følte eg at eg måtte søka informasjon om både forfattaren Suzanne Collins, om Dødslekene-trilogien og om sjangeren dystopi. Info vart henta fram før, under og etter lesing. Mellom anna merka eg meg omtalen til Knirk. Bokomtalen hennar og den tilhøyrande diskusjonen i kommentarfeltet gjorde meg så nysgjerrig at eg fann ut at eg måtte lesa boka (bøkene).

Tema for bokbloggeir sitt tematips er denne onsdagen "Et klapp på skuldra" - ein takk og hyllest til ein annan bokbloggar si bokomtale, - og som har inspirert oss til vidare lesing.

Det vert altså den dyktige bokbloggaren Knirk (Lise Grimnes) som får den virituelle klappen frå meg.

 

Hunger Games anbefalast for alle som er interesserte i ei god forteljing, i ungdomslitteratur og ungdomskultur. Her får du både samfunnssatire, spenning, mediakritikk og opprør, samt ein dose romantikk og trekantdrama. 

Klisjépåsken 2013

Så var påsken over. Det er herleg å vera offline ei stund, - ein føler seg rett og slett mentalt opplada etter nokre feriedagar til fjells.

Beina på bordet, med kaffikopp og krimbok innan rekkevidde. Mykje av tida vart brukt på denne måten..


..i vakre omgjevnader.. 



.. og med verdens mest sjarmerande påskegjest!

Oppsummering mars

Påbyrja i februar, fullført i mars
Roar Sørensen - Magellans kors - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Karin Alvtegen - Skam - Svensk thriller - Kjøpt pocket
Haruki Murakami - 1Q84 bok 1 - Roman - Lydbok lånt på biblioteket 

Lest i mars
Asbjørn Jaklin - Svart frost - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Jussi Adler-Olsen - Marco-effekten - Dansk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Arne Dahl - Europa blues - Svensk krim - Kjøpt pocket
Alexandra Beverfjord - Kronprinsen - Norsk krim - Digikort lånt på biblioteket
Marit Reiersgård - Stolpesnø - Norsk krim - Kjøpt pocket
Mo Hayder - Borte - Britisk spenning - Lydbok lånt på biblioteket 
Åsa Larsson - Et offer til Molok - Svensk krim - Papirbok lånt av mor 
Kroken & Kolden - Evig skal døden vera - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Kroken & Kolden - Døden kjem med bussen - Norsk krim - Meldareksemplar fått frå Samlaget
Påskekrim 2013 - Norske krimnoveller - Kjøpt pocket  


Skjermdump frå bokelskere.no

Påbyrja i mars, fullførast i april
Agatha Christie - Barneselskapet - Britisk klassisk krim - Lydbok lånt på biblioteket 
Kristina Ohlsson - Askepott - Svensk krim - Kjøpt pocket 

***********************
Det var lesemånaden mars kjapt oppsummert. Ønskjer du å sjå andre bloggarar sine oppsummeringar, finn du ein fin samling med lenker hos Anettes bokboble

Ein bokstabel på vent

Tysdag er Boken på vent-dag:
Du finn mange bra boktips og fine ventebøker om du klikkar deg inn på bloggen beathesbokhylle!

Kun ein jobbedag før det vert påskeferie, og dermed hytte- og fjellpåske, - og bloggepause.
Håpar og trur på Sol, Snø, Ski og Snop.

Eg har ein stabel uleste pocketbøker på hytta, og kjem til å pakka med meg eit par bøker i sekken i tillegg. Tenk om ein skulle gå tom for lesestoff..!!

Ønskjer alle ei riktig fin påskehelg!

 

Villmarkskrim

Laurdagskvelden vart ein kveld med absolutt ro. Plutseleg, som kasta på meg, fekk eg feber og frysningar. Ikkje noko anna å gjera enn å leggja seg på sofaen med pledd og bok. Og kanskje litt søvn. Trudde eg. Men boka eg tok med meg gjorde meg berre lys vaken. Eg vart liggjande å lesa til langt på natt, og plutseleg var det søndag..

Sidevendaren eg tok med under pleddet var Et offer til Molok av Åsa Larsson. Den femte boka med Rebecka Martinsson som hovudperson er alle tiders; spennande, nervepirrande og eksotisk. Her er villmark, barske jegrar, hundar, bjørnar og ulvar.

Åsa Larsson sine krimromanar er lagt til Kiruna-traktene. Eit heilt spesielt samfunn som det er veldig interessant å lesa om. I Et offer til Molok vekslar forfattaren mellom notid og fortid. Mellom mystiske og dramatiske hendingar i notida og hendingar frå då gruvesamfunnet i Kiruna var under etablering, for omlag 100 år sidan. Skildringane frå gruvesamfunnet og dei harde kåra menneska der hadde den gongen, gjer boka ekstra leseverdig.

Denne smakebiten er frå "opningsscenen" i boka.

"At en hund kan skrike sånn. Samuel Johansson hadde aldri hørt en hund låte på denne måten før. [...]
Hunden skriker. Hyler som om helvetes porter har åpnet seg. Det er en lyd som vekker kald skrekk i Samuel Johansson.
Så blir det brått stille. [...]
Og der, i lyset fra utelampen på garasjeveggen, står bjørnen. Den river og sliter i hundekroppen for å få den med seg, men den livløse hunden henger fast i løpestrengen. Bjørnen snur den blodige kjeften mot Samuel og brøler..."

Treng du boktips?
Du finn smakebitar frå mange ulike bøker hos Mari og Flukten fra virkeligheten kvar søndag.

Klassiske påskekrimtips

For meg er påskekrim klassisk krim av whodunnit-typen, gjerne i Agatha Christie-stil. Det vil seie puslekrim; ei mordgåte, ein intellektuell leik der forfattaren utfordrar lesaren til å avsløra mordaren/forbrytaren før forfattaren sin hovudperson finn ut av løysinga. Elles i året les eg helst nyare, meir hardbarka og actionfylte krimbøker, men puslekrim passar betre framfor peiselden på hytta, tykkjer eg.

Med "klassisk krim" meiner eg nærare bestemt dei klassiske detektivforteljingane av britisk tradisjon. (I motsetnad til den amerikanske tradisjonen, som er forteljingane om "den hardkokte privatdetektiven", f.eks. Raymond Chandler - som skapte Philip Marlowe, - eller Gunnar Staalesen sin Varg Veum, for å ta eit nyare og nærare eksempel).

Agatha Christie er i ein klasse for seg, så produktiv som ho var. Ti små negerbarn, Mord på Orientekspressen og Doktoren mister en pasient er geniale og har overraskande og utfordrande plott. Både Hercule Poirot og Miss Marple har sine tilhengarar, - sjølv er eg veldig svak for den belgiske herremannen. Dorothy Sayers og hennar figur Lord Peter Wimsey er eit anna klassisk krimlitterært alternativ. Sir Arthur Conan Doyle, opphavet til Sherlock Holmes, bør alle krimelskarar kjenna til. Klassikaren Hunden fra Baskerville er fin, om du likar litt grøssande påskestemning. 

John Dickson Carr (Carter Dickson) og Ellery Queen var amerikanske krimforfattarar, men begge heldt seg innan den britiske krimtradisjonen. Har du ikkje lese Sort messe av John Dickson Carr tidlegare, kan du bruka påsken til å lesa denne framifrå krimklassikaren. 



Av nyare dato, og innan ein sjanger som kan kallast "klassisk politikrim", finn ein Colin Dexter sine romanar om Inspektør Morse og P. D. James sine bøker med Adam Dalgliesh i hovudrolla. Begge er velkjende gjennom dei mange TV-seriane. Bøkene er sjølvsagt betre enn filmatiseringane. Vil spesielt anbefala Intriger og begjær og Det svarte fyret. Her vert òg lesaren utfordra til å finna løysing på mysteria, - men som oftast vert ein overraska på slutten. I same gate er amerikanske Elizabeth George, bøkene hennar om Lynley og Havers er erkebritiske og klassiske i stil og innhald.

Norske klassiske krimromanar som kan høva å ta med i påskesekken, er De dødes tjern av Bernhard Borge (Andre Bjerke) og Jernvognen av Stein Riverton (Sven Elvestad). Eg trur ein kan lesa De dødes tjern kvar påske, - og verta like skremd kvar gong! 



Hans Olav Lahlum sine "retrokrimbøker" er òg puslekrim av den klassiske typen. Lahlum har Christie og Conan Doyle som inspirasjonskjelder og føredøme.

Det er interessant og nyttig å lesa om at etterforsking og oppklaring av brotsverk før i tida skjedde utan hjelp av epost, internett og mobiltelefonar!

**********************

Er du ute etter tips når det gjeld nye krimbøker, finn du mange gode forslag i hos Bokelskerinnen.

I påsken skal eg m.a. lesa ny nynorsk krim etter den klassiske whodunnit-modellen: Evig skal døden vera og Døden kjem med bussen av Kolden og Kroken. Eg har også funne fram Barneselskapet av Agatha Christie.

Ha ein fin påske alle saman, med klassisk krim, kosekrim, ny krim, gammal krim, splatterkrim, TV-krim - eller heilt utan krim. 

To månar


I dag såg eg

tvo månar,

ein ny

og ein gamal.

Eg har stor tru på nymånen.

Men det er vel den gamle. 


- Olav H. Hauge
Dropar i austavind (1966)

 

Apropos 1Q84 av Haruki Murakami. Der vert det òg fortalt om to månar. 

Dessutan er det verdens poesidag i dag.

Les mer i arkivet » Mai 2013 » April 2013 » Mars 2013
beroene

beroene

54, Luster

Kategoriar

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarar

Lenkjer

Akkurat no les eg:
hits